top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Anne Cath. Vestly

av Agnes-Margrethe Bjorvand

illustrert av Hans Jørgen Sandnes


Anne Cath. Vestly er forfattaren alle har vakse opp med. Ho har skrive bøkene om Mormor og dei åtte ungane, Knerten og Lillebror, Ole Aleksander Filibom-bom-bom og mange andre born. Men kven var eigentleg Anne Cath. Vestly?


Anne Cath. var veldig sjenert som born, men når ho spelte teater var ho aldri redd. Då fekk ho ein liten pause frå seg sjølv, og kunne vere kven ho ville. Kanskje var det ein av grunnane til at ho likte så godt å skrive? Gjennom boka les ein om livet hennar, frå start til slutt. Anne Cath. var veldig opptatt av samfunnet og at born skulle ha ei stemme. Ho hadde ei eiga evne til å sjå verda gjennom born sine auge, og utfordra dei vaksne gjennom bøkene sine. Forfattarskapet til Anne Cath. er ein viktig del av barneboklitteraturen i Noreg, og ei bok for born der ein kan lære om henne som person er veldig aktuell.


Denne boka er kanskje mest for barneskuleelevar og kan lesast høgt eller åleine. Med enkel skrivemåte og store illustrasjonar er den lett å lese. Hans Jørgen Sandnes sine illustrasjonar er laga som ein nydeleg collage der han kombinerer eigne teikningar og fotografi frå Anne Cath. sine fotoalbum.


Eg likte denne boka veldig godt. Skrivestilen og varmen til Anne Cath. gjenspeglar seg fint i boka. Den er forståeleg og direkte. Sitata frå Anne Cath. fortel meir om korleis ho var som person, noko som lyfter biografien. Sjølv om bøkene hennar ikkje akkurat er nye, er dei etter mi meining framleis aktuelle i dag. Anne Cath. Vestly har eit borns fantasi og ei tryggheit som aldri vil bli utdatert.


Eirin Støfringsdal


8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page