top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Annie Jr.

Tirsdag 8. desember hadde vi i Skapande skriving juleavslutning. Vi såg teaterstykket Annie Jr., som hadde generalprøve den dagen. Annie Jr. er ein kortversjon av den originale Annie-filmen frå 1976, og er eit resultat av eit samarbeid mellom Teater Vestland, Kulturskulen i Sunnfjord og Danseverkstedet. Stykket handlar om foreldrelause Annie, som bur saman med mange andre jenter på ein barneheim som styrast av den hjartelause frøken Hannigan. Då Annie blei funnen på trappa til barneheimen, hadde ho eit halvt sølvhjarte rundt halsen og ein lapp der de sto: "Vi kjem snart attende og hentar ho." No har det gått elleve år, og framleis bur Annie på barneheimen. Ein dag får Annie vite noko som kjem til å forandre livet hennar for alltid: ho skal feire jul hos den søkkrike Oliver Warbucks.


Annie Jr. er eit varmt og fint teaterstykke som passer for heile familien. Vi i Skapande skriving anbefalar verkeleg å sjå forestillinga, som har flinke skodespelarar og blir endå meir levande gjennom den fine musikken. Stykket er berre å sjå på Førdehuset, og alle bilettane er no utselde.



Nora, Eirin, Sunniva, Ragnhild og Janne Karin

10 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page