Skapande skriving
Bare Victor
av Victor Sotberg
Du kjenner sikkert Victor Sotberg frå YouTube, FlippKlipp og Skal vi danse. No har han gitt ut si første bok – ein sjølvbiografi om oppveksten sin. Ei bok om ein superheltfamilie, verdas beste venn, eventyrlege skogar, crazy elgar og den skumle og vanskelege ungdomsskulen. Men kanskje mest av alt: om å finne ut kven ein er og vil vere. Etter mi meining er dette ei av dei få kjendisbøkene som verkeleg har treft blink.
Viktor sleit mykje med mobbing og dårleg sjølvtillit i ungdomsåra. Han søkte først og fremst tilflukt i gaming. Der kunne han kunne vere sin eigen superhelt og nedkjempe fiendane sine. Han kunne redde verda gong på gong. Victor skriv om desperasjonen etter å rømme frå verkelegheita, skulen og mobbarane.
Han fortel om alle kampane han måtte kjempe for å lære å vere seg sjølv. Victor har skrive denne boka til alle dei som treng ein plass å flykte til, der ein kan senke skuldrane og berre vere seg sjølv. Han fortel si historie, i vissheit om at alt for mange ber på ei liknande ei.
Sjølv om boka har eit alvorleg tema, er den også som fargerik og morosam. Det er ikkje særleg mykje djupne i biografien, men den treff i alle fall målgruppa si midt i blinken. Språket er retta direkte mot lesaren og beskrivingane er presise. Eg synest det er god framdrift gjennom det meste av boka. Victor tek opp mange viktige tema, og mest sannsynleg er det mange som ser seg sjølv i historia. Eg trur den kan passe for dei mellom ti og femten år. Charlotte Sandmæl er illustratør og boka er skriven i samband med Erik Eikehaug.
Eirin Støfringsdal
