Skapande skriving
Dødens tjern
av Sigbjørn Mostue
illustrert av Ketil Bleidin
Sigbjørn Mostue, forfattaren av blant anna seriane I morgon er alt mørkt og Alvetegnet, har skrive ei ny bok, denne gongen for litt yngre lesarar. Mathias sin pappa har bestemt seg for å ta med heile familien på telttur. Med “heile familien” meinast Mathias, storesøstera Malin, bonusmamma Ella (populært kalla Ella Kjeftesmella) og Birgitte, dottera til Ella som aldri seier eit ord. Det er berre pappa som eigentleg gler seg, og allereie i bilen er det dårleg stemning.
Etter å ha gått gjennom skogen med altfor tunge sekkar ei lang stund, kjem dei endeleg fram til det vesle tjernet dei skal telte ved. Mathias er av fleire grunna overbevist om at det spøkar i skogen, og det blir ikkje akkurat betre av at nokon han ikkje kan sjå, snakkar til han i teltet. Stemma ber han følgje etter ut i skogen, og seier at han skal forklare alt der. Utan eigentleg å ville det, blir han med. Stemma tilhøyrar ein skapning menneske vanlegvis ikkje kan sjå, og skapningen har ein beskjed til Mathias: ein i familien hans er på menyen til eit skrekkeleg vesen, og vil neppe overleve natta!
Dødens tjern passar for både gutar og jenter i alderen 9 til 10 år. Boka har ein del tekst, så ein bør vere ein god lesar viss ein les ho sjølv. Det er fine illustrasjonar jamt fordelt i boka, som er med på å forsterke spenninga. Eg syns Dødens tjern er meir enn berre ei skummel bok for barn. Ho har ein bodskap til både barn og vaksne, og er derfor ideell for høgtlesing.
Sunniva Tonning
