top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Den ville roboten rømmer

av Peter Brown


Den ville roboten rømmer er oppfølgjaren til boka Den ville roboten, og er skrive av den prisvinnande forfattaren Peter Brown. For eit år sidan stranda roboten Roz på ei øy midt ute i havet. Ho måtte studere dyras levemåte og bli som dei for å overleve. Dette forandra henne for alltid. Ho lærte dyrespråket, adopterte sonen Blanknebb og fekk mange vener. Likevel måtte ho vere på vakt.


Roz veit at dei farlege RECO-ane er på jakt etter henne, og ein dag blir ho funne. Denne boka handlar om då RECO-robotane tar henne med tilbake til menneska sin verden. Ho blir sendt til ein gard, der må ho jobbe for bonden og ta seg av alt på garden. Roz blir vener med kyrne, men kvar dag lengtar ho heim til øya og sonen sin. Ho høyrer ikkje til blant menneska, og det einaste ho vil er å dra tilbake dit ho kjenner seg heime. Men ferda tilbake til øya vil bli lang og farleg. Om RECO-robotane oppdagar henne, kan ho bli øydelagd. Menneska har ikkje plass til ein robot som ikkje er som dei andre.


Peter Brown har spurt seg kva som ville skje om ein robot blei dratt mellom menneska og naturen, og laga ein bok om det. Eg synest det blei ganske vellukka, men litt utfordrande. Det tar litt tid å venne seg til ein robot som hovudperson, sidan Roz ikkje har ekte følelsar, men det er lett glad i den merkelege roboten, og Brown har klart å fange einsemda hennar på ein fin måte.


Eg trur denne boka passar best for dei i alderen åtte til tretten år. Den har enkelt språk og er ikkje stappfull med tekst på kvar side.


Eirin Støfringsdal


8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page