Skapande skriving
En grønn tråd
Oppdatert: 6. des. 2020
av Mia Tuft og Anna Maria H. Pirolt
Boka En grønn tråd er ei sybok som består av 15 enkle redesign-oppskrifter. Innimellom oppskriftene finn du interessante og tankevekkjande faktasider om ull, fleece og bomull. Boka er meint for barn som ikkje har sydd før. Ikkje alle oppskriftene passar for folk som aldri har rørt ei symaskin før, men ein del av tinga kan du greie å sy som nybegynnar.
Eg har prøvd tre av oppskriftene i boka sjølv:
Sovemaske:
Den var litt utfordrande på grunn av alle svingane du må sy, eg måtte gjere to forsøk. Dersom du syr med eit mjukt og eit vanleg stoff, bør du ikkje bruke fløyel, då det forskyv seg veldig medan du syr.
Scrunchie:
Den var veldig enkel å sy, men eg anbefaler å klippe strikken som skal inni stoffet litt kortare enn det står i oppskrifta, då sitt scrunchien betre fast i håret.
Mappe med glidelås:
Den var ganske enkel, men pass på at du brukar ein glidelås som ikkje er tung å opne å lukke.
Alle oppskriftene går trinn for trinn og er enkle å følgje og forstå. Absolutt ei bok eg anbefaler dersom du har ei symaskin du kan bruke, øydelagde klede eller gardiner, og interesse for redesign. Eller om du vil prøve noko nytt, redesign er faktisk veldig gøy!
Ranghild Tonning
