top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Heldiggrisen

Oppdatert: 6. des. 2020

av Monia Nilsen


Heldiggrisen er eit koseleg juleeventyr som handlar om ei lita bygd heilt ute ved havet. Menneska i bygda var så fattige at dei ikkje hadde råd til å ete noko anna enn sild og poteter – til og med på sjølvaste julafta!


Men ein dag presenterte presten ein brilliant idé. Om ein samla saman sparepengane til heile bygda, ville dei ha råd til å kjøpe ein stor gris som dei kunne dele på julafta. Likevel, planen til presten gjekk ikkje heilt som han hadde tenkt.


Dette er ei perfekt høgtlesingsbok for både store og små. Den vesle bygda er både sjarmerande og morosam, men aller søtast er heldiggrisen. Historia held godt på dei gamle eventyrtradisjonane, samtidig som den har eit moderne preg over seg. Det ein kanskje trudde ville vere ei lettvindt julehistorie viser seg å ende med ein kul og original tvist.


Sidene er dekkja av flotte illustrasjonar og inneheld lite tekst. Eg meiner at denne koselege juleboka kan passe for alle som har lyst på litt ekstra julestemning. Både som lesestoff for ferske lesehestar og som nattahistorie for småsøsken. Det er kanskje ikkje ei historie som ein kjem til å hugse så lenge, men ein kosar seg i alle fall medan ein les.


Eirin Støfringsdal


31 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page