Skapande skriving
Hva skjedde egentlig med deg?
av Jenny Jordahl
Jenny Jordahl er kjent for å bruke bøkene til å gje si stemme i saker som feminisme, klima og miljø. Denne gongen er temaet spisevegring og for fyrste gong går Jordahl solo, utan ein medforfattar. Teikneserieromanen Hva skjedde egentlig med deg? er både tankevekkjande og fantastisk illustrert.
Boka startar i ei idyllisk strandscene, der Janne og bestemora fiskar krabber. Dei ser bort på resten av familien som badar, og bestemora spør: «Alle i familien din er så slanke. Hva skjedde egentlig med deg?» Etter dette byrjar Janne å oppdage at ho ikkje er som dei andre. Alle synest å ha ei meining om hennar kropp og korleis den skal vere. Janne vil helst vere usynleg, men i staden ser alle henne. Når foreldra ein dag foreslår at ho kan få hundre kroner for kvar kilo ho går ned, tek Janne utfordringa.
Noko av det beste med teikningane til Jordahl er at ein verkeleg føler dei på kroppen. Når Janne har det vondt, knyt det seg i magen og ein får lyst til å rope ut at nokon må hjelpe ho. Inni Janne veks det ein demon som tvinger henne til å droppe lunsjen, gå ein ekstra tur og fortsetje endå litt til, sjølv om mora er bekymra fordi ho er blitt for tynn. Demonen er teikna som eit pløsete, svart og hjartelaust monster. Måten den følgjer etter Janne og dreg henne ned, skildrar følelsar det kan vere vanskeleg å setje ord på.
I slutten av boka endar vi opp med at Janne blir tynn og finn seg nye vener. Ho tek seg ein skulebolle, og det verkar som om ho klarer å overvinne demonen sin. Kor lenge vil det vare, spør eg. I realiteten er det ikkje like lett å bli kvitt ein spiseforstyrrelse, og mange slit med etterverknader i mange år etterpå. Eg synest det gjer at slutten på historia plutseleg verkar mykje mindre realistisk og litt lettvindt. Likevel, nokre gongar trengs det ein lukkeleg slutt. Spiseforstyrrelse er tema som ein treng å snakke meir om. Kanskje den viktigaste bodskapen i denne boka er at skamma til Janne er påført utanfrå, og at det ikkje er noko gale med henne. Jordahl viser kor sårbar overgangen frå born til ungdom er. Du vil også kunne kjenne kor mykje ein kommentar som kanskje er uviktig for deg, kan skade andre. Eg meiner at dette ikkje berre er ei bok for born og unge. Mest sannsynleg vil vaksne ha minst like mykje utbytte og lærdom av den som born.
Eirin Støfringsdal
