top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Høgspenning livsfare

av Helene Guåker


Helene Guåker er forfattaren av blant anna Juksemaker og Sveiseblikk. Høgspenning livsfare er hennar niande bok. I boka møter vi Lea, som nett har flytta på hybel for å gå på vidaregåande. Det er første helga etter skulestart, og Lea skal heim til garden. Ho ser føre seg nokre fine dagar med foreldra, men heime på garden er ingenting som det plar.


Då Lea kjem heim, ligg mor hennar i senga og unngår å møte blikket til nokon. Ho spør ikkje korleis det har vore å flytte på hybel, byrje på vidaregåande eller om Lea har fått seg vener. Ho berre ligg der, med dyna trekt oppunder haka, og ser ut til å verte utsliten av å trekkje munnvikane opp i eit slags smil. For å sleppe å forhalde seg til alle problema, gjer Lea seg om til Vilde. Alt går som smurt, heilt til noko forferdeleg skjer.


I Høgspenning livsfare tek Helene Guåker opp eit alvorleg tema det er skrive få bøker om. På grunn av det alvorlege temaet, burde ein vere over 12 år for å lese boka. Ettersom hovudpersonen er ei jente, vil kanskje fleire jenter enn gutar lese ho, men temaet passar for begge. Boka er for det meste oppdelt i korte kapittel, og tek ikkje så lang til å lese.


Sunniva Tonning


19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page