top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Ingen andre enn oss

av Mari Moen Holsve


Ingen andre enn oss er oppfølgjaren til Ingen sover trygt i natt, som vann Bokslukarprisen 2019, og Ingen slipper unna. Ein kan heilt fint lese boka utan å ha lese dei to andre. I den vesle bygda Skymdal, som har fått kallenamnet “heile Noregs skrekkbygd”, har det dei siste åra skjedd skumle ting rundt halloween. For to år sidan herja ein seriemordar i bygda, og for eitt år sidan skremde nokon bygdas ungdommar til tausheit.


No lever Håkon, Hares og Marie vanlege liv igjen, og Thale og Calmeyer har bestemt seg for å ikkje flytte likevel. Men så, rett før Halloween, byrjar igjen ting å skje i Skymdal. Nokon forsøker å tenne på skulen og har låst klasserommet til Håkon frå utsida. Då Håkon og venene forsøker å finne ut kva det er som skjer, gjer dei ein vemmeleg oppdaging. I lærargarderoben finn dei ein boks med ein avkappa finger oppi. Kven i alle dagar er det som gjer sånt?


Boka er ganske kort og lettlesen, og er inndelt i korte kapittel som Håkon og Thale vekslar på å fortelje. Mari Moen Holsve følgjer ikkje den klassiske grøssarbok-oppskrifta der nokon flyttar til ei guffen, lita bygd og oppdagar at huset dei bur i er heimsøkt. Dette er berre éin av fleire ting som gjer at boka skil seg frå andre bøker i same sjanger. Ingen andre enn oss passar for både gutar og jenter i alderen 11-13 år.


Sunniva Tonning


6 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page