top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Ned i dypet

av Hans Jørgen Sandnes


«Ned i dypet» er den første boka i den splitter nye serien Krypto. Teikneserien er skriven og teikna av Hans Jørgen Sandnes, som blant anna står bak illustrasjonane i bøkene om Detektivbyrå nr 2.


Teikneserien er veldig lettlesen, og med alle fargane og dei ulike og morosame karakterane, er dette ei bok som lett kan gje leseglede, og fengje personar som ikkje har lesing som si største interesse.


I den vesle bydga Saltvik stuper ein gut frå ei klippe og forsvinn sporlaust i sjøen. I mellomtida vert foreldrelause Ophelia adoptert av eksemplarfamilien Birken. Ho møter snart den gamle fiskaren Bernard, som delar hennar interesse for kryptozoologi, eller undersjøiske vesen. Ein dag er Ophelia og Bernard på tur med båten til Bernard. Dei dykkar ned i sjøen og oppdagar opninga til ei hole . Då dei seinare dreg på telttur, viser det seg at hola skjuler noko spennande.


Denne teikneserien har eit nytt og spennande emne, og Sandnes har vore spesielt kreativ med illustrasjonane. Alt i alt er denne boka eit godt eksempel på ein god teikneserie. Eg trur boka passar for born i alderen sju til elleve år.


Ragnhild Tonning


17 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page