top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Nudistene

av Bjørn Ingvaldsen


Bestevenene Rose og Sina utgjer Team Rosin, skulens draumeteam. Men no har dei rota det til, og får ikkje vere med på klasseturen til Danmark til våren. Dei synast det er heilt ekstremt urettferdig, men det er ikkje noko dei kan gjere med det.


Tjodleik er ny i klassa og trur han kan vere vener med alle, også med Team Rosin. Men å være vener med Tjodleik er det siste Team Rosin vil, for dei er heilt einige om han er verdas desidert største dust. Problemet er berre at læraren deira, Saksa, er overtyda om at dei kjem til å kome godt overeins, difor plasserer ho Tjodleik på gruppe med Team Rosin. Og ho har lova at viss dei held ut med han, skal dei få vere med til Danmark likevel. Plutseleg skjer det eit stort tjuveri på skulen, og gruppa bestemmer seg for å løyse mysteriet. Det viser seg at Tjodleik kan vere nyttig likevel.


Det skal godt gjerast å halde seg alvorleg medan ein les Nudistene. Boka inneheld mange veldig morosame skildringar og uventa situasjonar som Team Rosin hamnar i saman med Tjodleik medan dei forsøker avsløre tjuven. Bjørn Ingvaldsen veit verkeleg korleis han skal få lesaren til å følgje med og ikkje gå lei undervegs. Boka er ganske lettlesen og passar for både gutar og jenter i alderen 10 til 13 år.


Sunniva Tonning


22 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page