top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Perfekt ondskap

av Arne Svingen


Perfekt ondskap er Arne Svingen si 103. bok. Boka handlar om Skage som grip kvar minste moglegheit til å gjere noko vondt. Han lever etter eit enkelt prinsipp: dersom det ikkje fins vondskap i verda, finns det heller ikkje godheit.


Skage er 17 år og bur i ei leilegheit for seg sjølv i ei blokk etter å ha budd hos fem ulike fosterfamiliar. Ein dag flyttar ei 20 år gammal jente inn i etasjen under. Ho heiter Mathea og liker å wokke akkurat som Skage. Planen hans er å få ho kasta ut så fort som mogleg, men det endrar seg raskt.


Boka er skriven på ein seriøs, men samtidig humoristisk og litt ironisk måte. Denne boka passar perfekt for deg som likar å lese realistiske ungdomsbøker. Noko eg likte med henne er at Arne Svingen har kome på eit heilt nytt tema som eg aldri har lese om før. Hovudpersonen Skage tenkjer og handlar annleis enn dei fleste andre. Boka har gode skildringar og spenning jamt over. Som du kanskje allereie har skjønt handlar boka ein del om kjærleik. Den har ganske grovt språk og nokre grove episodar som gjer at denne boka passar for ungdom over 14 år.


Nora Norum Hellebust



31 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page