top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Pustens lov

Oppdatert: 6. des. 2020

av Øystein Stene


Pustens lov er den første av tre bøker i serien om 19 år gamle Alm. Alm har levd heile livet sitt inne i den hermetisk lukka Fjordbyen, som ein gong var Oslo. No er det den einaste staden i Noreg der det bur menneske, og ein av 38 byar som er att på jorda.


Glas og betong beskyttar Alm og dei andre innbyggjarane i Fjordbyen mot eit farleg virus i utelufta. Pustar ein inn viruset, mistar ein all menneskelegheit etter berre nokre dagar. Derfor er det berre nokre få vert plukka ut til å få opplæring for å kunne ferdast ute, og Alm er ein av dei. Saman med to andre ungdommar dreg ho på oppdrag i den forletne byen som ein gong var Oslo. Ei spesiallaga drakt beskyttar dei mot viruset i lufta, men skulle drakta bli øydelagt og utelufta trenge inn, er dei ille ute. Og det er akkurat dette som skjer med drakta til Alm.


Med Pustens lov framstiller Øystein Stene ei mogleg framtid der overbefolkning, klimakatastrofar og pandemiar har forandra verda vi lev i fullstendig. Med tanke på klimaendringar og korona-pandemien er boka veldig aktuell. Ho er svært tankevekkjande, og får lesaren til å sjå annleis på ting. Pustens lov passar for ungdommar frå 13 år og oppover, spesielt dei som er interesserte i klima, miljø og konsekvensane av handlingane våre.


Sunniva Tonning




41 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page