av Jørgine Massa Vasstrand
Dei aller fleste har høyrt om forfattaren av Råsterk hjemme, Sterk utenpå, sterk inni og Våre beste pastaretter, nemleg Jørgine Massa Vasstrand. Ho er mest kjend som Funkygine, ei av Noregs sterkaste damer. Men korleis har ho trena for å bli det? Svaret på det, og mykje anna, får du i denne boka.
For mange er det dårleg tid eller dyre medlemskap som hindrar trening. Men Råsterk hjemme fiksar begge problema: ho er proppfull av ulike treningsøkter på 10, 20 og 30 minutt, alle saman utan utstyr eller med utstyr alle har, som vassflasker. Dette gjer at øktene lett kan utførast når som helst og kvar som helst, til dømes heime på stovegolvet. Alle øvingane er godt forklart med både tekst og bilete, og dei fleste har òg tips til korleis øvinga kan gjerast lettare eller tyngre. I tillegg inneheld Råsterk hjemme masse interessante fakta om trening, samt ein god del tips og råd om korleis ein kan gå fram for å nå målet sitt og få treninga til å passe inn i ein hektisk kvardag.
Anten du nett har starta å trene, har trena lenge eller planlegg å begynne, kan eg garantere at du finn du noko som passar for deg i Råsterk hjemme. Du kan velje mellom korte eller lange økter, kondisjonsfokus eller styrkefokus eller økter for ein spesiell muskelgruppe. I innleiinga skriv Jørgine Massa Vasstrand at ho ønskjer at boka skal treffe breitt, og eg synest det er nettopp det den gjer. Boka passar for alle aldrar, kjønn og treningsnivå, og sidan øvingane kan gjerast både lettare og tyngre, kan ein bruke boka lenge og tilpasse øktene etter kvart som ein blir sterkare.
Sunniva Tonning
Comments