Skapande skriving
Ser du dette?
av Sigrid Agnethe Hansen
Ser du dette? er Sigrid Agnethe Hansen si første bok. Ho er programleiar og produsent i NRK Troms og forfattar. I denne boka får du møte Anna som er 15 år. Ho har reist frå eit rykte og må starte på nytt. Ho flyttar til ein ny stad med ny skule og nye vener.
Anna har ikkje gått på skulen på lenge, men då ho flyttar syns foreldra det er på tide. Det er jo trass alt ein ny skule med nye folk. Dei har nok ikkje høyrd om det. Ryktet som Anna har flytta frå. Anna har nemleg eit stort sår frå då ho gjekk på trynet for ein gut. Anna har berre ein ven, og det er bestemora. Heldigvis møter ho Tina. Ho har raudt hår og likar skrekkfilm og teknisk dødmetall, men kan Anna klare å opne seg for ho?
Ser du dette? Er delt opp i kapittel frå fortida og notida. Den har gode skildringar, og er skriven på ein lett og «luftig» måte. Boka handlar om eit nakenbilete som kjem på avvege og kor vanskeleg det er å stole på nokon etter ei slik hending. Eg synest boka passar for jenter mellom 12 og 15 år.
Nora Norum Hellebust
