top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Sinne

Oppdatert: 5. des. 2020


av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen


Sinne er Ingebrigtsen si første bok. Ho jobbar som norsklærar på vidaregåande skule. I boka Sinne fortel ho om Synne på 15 år som har ADHD. ADHD-en gjer at det boblar og koker inni henne og ofte mistar ho kontrollen. Då blir ho send til rådgjevaren på skulen, Bøffel-Berit. Heldigvis har Synne Torunn. Og så er det Johan, den nye guten i klassen.


Foreldra til Synne er skilde, og ho bur saman med mora si og broren Ulrik. Både Bøffel-Berit, mora, faren og broren til Synne vil at ho skal starte med medisin igjen, men Synne er redd for at det skal verte slik det var på barneskulen. Synne føler at Kine, dronninga av Instagram, held på å ta Torunn frå ho. Synne blir betre kjent med fine Johan som er ny i klassen, men det fører til at Synne og Torunn glir lenger frå kvarandre. Mykje skjer og Synne gjer alt for å få ting til å ordne seg, men skal ho tørre å fortelje klassen og ikkje minst Johan, at ho har ADHD?


Sinne er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Den vekka ekte kjensler i meg og eg følte skikkeleg sterkt korleis Synne hadde det. Eg trur noko av det som gjorde boka så bra var alle dei språklege bileta. Det var språklege bilete heile tida, men det vart liksom ikkje for mykje. Forfattaren skriv så bra at eg nesten føler at eg er Synne når eg sit og les. Synne slit med forhalda til vennar, familie, kjærastar og mange andre rundt seg som gjer at det mest sannsynleg er eit eller anna du kjenner deg igjen i. Boka er skriven for ungdommar på Synne sin alder, altså 13-16 år.

Nora N. Hellebust





56 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page