top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Skyggenes dronning

av Sara J. Maas


Skyggenes dronning er oppfølgjaren til Ildens arving og den fjerde boka i fantasyserien Glasstronen. Du bør absolutt lese bøkene i kronologisk rekkefølgje, ellers kjem du ikkje til å forstå eit kvekk. Serien handlar om den topptrente og vakre snikmordaren Celeana Sardothien.


Celeana har vendt tilbake frå Wendlyn og er klar for å styrte kongen av Adarlan. Ho er også klar for å omfavne det eigentlige namnet sitt, Aelin Galanthyius, og rolla som rettmessig dronning av Terassen. Men det ho ikkje veit, er at kongen har kontroll over ei enorm, ond makt, og har samla ein hær. Ein hær som består av noko langt verre enn vanlege soldatar …


Viss Sarah J. Maas sin intensjon var å skrive noko på Harry Potter-nivå, har ho klart det bra. Boka er litt tung å lese i starten, men den intense spenninga og den frekke humoren er verdt det. Boka er på 859 sidar, så dersom du ikkje liker bøker med mykje informasjon du må hugse på gjennom heile lesinga, bør du styre unna denne boka. Eg trur ho passar best for folk frå tolv år og oppover.


Ragnhild Tonning


28 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page