Søk
  • Skapande skriving

Soledad

Tor Arve Røssland


Det første eg vil nemne om denne boka, er at det er ei av beste bøkene eg har lese. Soledad er ei bok som handlar om ei dyster framtid. Ho blei riktignok utgjeven i 2014, men er likevel superaktuell med tanke på klimaendringane. Tor Arve Røssland er forfattaren bak blant anna grøssarserien Svarte-Matilda og Kodeord Overlord, som blei nominert til bokslukarprisen i år (2020).


Soledad og den kunstnarlege faren drar på ferie til ei lita øy. Ein dag vaknar Soledad opp og er mutters aleine på øya. Menneska er borte, nettet verkar ikkje, mobilen er død. Været blir meir og meir ekstremt, og Soledad samlar mat, batteri og varme klede og isolerer seg i eit av husa på øya. Ein dag været verkar stabilt, ror Soledad over til fastlandet. Ho held på å bli drepen på ferda. På fastlandet fins det heldigvis folk, og dei har samla seg i kommunehuset. Men lite veit ho om kor farleg det eigentlig er der...


Soledad er den typen bok du blir liggande og lese under dyna til langt på natt. Spenninga er på plass frå første side, og boka blir berre meir og meir dramatisk. Du kan nesten føle at du er Soledad. Denne dystre, knallgode boka passar for alle frå elleve og oppover, men viss du ikkje liker triste bøker, trur eg ikkje denne romanen er noko for deg.


Ragnhild Tonning


38 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis