top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Solvokteren

av Maja Lunde


Solvokteren er skriven av Maja Lunde og er den andre boka i årstidsserien der Snøsøsteren var først ut. Maja Lunde er òg forfattaren bak blant anna Bienes historie, Blå og Przewalskis hest. Boka handlar om Lilja som lever i ei verd der sola, varmen og våren ikkje eksisterer. Sola forsvann då Lilja berre var eitt år gammal, i lag med resten av familien, bortsett frå bestefaren.


I Liljas verd regnar det dag ut og dag inn, men det er aldri torevêr. Det er skumring døgnet rundt, og maten som folka i bygda et, kjem frå bestefar sitt drivhus. Ingen får gå inn dit, men ein dag gløymer han nista si. Lilja drar til drivhuset for å gi nista til bestefar, og då får ho sjå at inni drivhuset er det ikkje store grøne plantar under sterke lamper i taket, busker, tre og grønsaker og frukt i alle verdas fargar, men bleike, små spirer og tynne sørgjelege plantar. Neste dag oppdagar ho ein sti som snirklar seg inn i den mørke skogen der ingen barn burde gå. Ved enden av stien finn ho ei heilt ny blomstrande verd, som forandrar alt.


Solvokteren handlar om å lengte etter våren, men óg om familie, venskap og kjærleik. Dersom du er lei av kulda, regnet og mørket er dette ei fin bok å drøyme seg bort i. Boka har fine og varme skildringar og illustrasjonane til Lisa Aisato er med på å gjere denne boka heilt suveren. Teksten og illustrasjonane skaper ei stemning som ikkje går an å skildre med ord. Illustrasjonane skildrar både det mørke og triste, og det lyse og varme, i takt med teksten. Solvokteren er eigentleg ei barnebok, men eg trur folk i alle aldre vil ha glede av henne.


Nora N. Hellebust


12 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page