top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Spesialklassen

av Flu Hartberg


Likar du lettleste og hysterisk morosame bøker om framtidas hjernehacking, så er dette noko for deg. Steven er skulens mest populære gut og son av datageniet bak det populære selskapet iBrain. Han har alt han kan ynskje seg, inntil den dagen hjernen hans blir hacka. Plutseleg, midt i ein norsktime går han fram og skriv RUMPEDØD på tavla! Kan du tenkje deg noko så pinleg? Plutseleg har ikkje Steven kontroll over handlingane sine lenger, og kan når som helst gjere dei pinlegaste ting i full offentlegheit. Dei vaksne trur sjølvsagt at han berre er «oppmerksomheitssjuk». Løysinga blir derfor å plassere han hos den berykta Spesialklassen. Men kanskje er det likevel her, blant skulens største nerdar at han får løyst problema sine?


Dette er ei spennande science fiction-forteljing med ein stor dose humor og fjas. Men bak all humoren er det også ei historie om rik eller fattig, populær eller nerd. Dette gjer boka endå litt betre, sidan den elles kanskje hadde vore litt for mykje av det gode. Illustrasjonane er leikne og fantasifulle, og nokre plassar er det putta inn snakkebobler i staden for sider med tekst. Den er original og full av fantasi.


Eg trur mange i alderen elleve til fjorten vil like denne boka, både gutar og jenter.


Eirin Støfringsdal



27 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page