top of page
Søk
  • Forfatterens bildeSkapande skriving

Ti kniver i hjertet

av Nora Dåsnes


Ti kniver i hjertet er Nora Dåsnes si første bok. Det er ei dagbok, men ikkje ei sånn klisje-aktig "Kjære dagbok” ei. Ho inneheld masse teikningar, fargar og drama, og går veldig fort å lese.

Sommarferien er over, og Tuva skal byrje i sjuande klasse. Linnea, som er søt, snill og har ei storesøster som bloggar – og Bao, som er tøffast i klassen og spelar trommer, har alltid vore bestevenene hennar. Men når ho møter dei igjen, har Linnea plutseleg blitt så moden, og blitt saman med Martin. Bao synast Linnea er fake, og jentene i klassen byrjar å “velgje side”.


Bao er i gjengen med jenter som ikkje blir forelska, og Linnea er i gjengen med jenter som blir forelska. Tuva er eigentleg midt imellom. Ho prøver å finne ut kva som er kult og ikkje. Men snart vert ho meir interessert i den nye jenta i korpset enn i å lage smoothiebowls ...


Nora Dåsnes skriv med ungt språk. Det er garantert noko du kjenner deg igjen i, enten i ein av karakterane eller situasjonane, dersom du er ei jente på 12-14.


Ragnhild Tonning


9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Ollis

Innlegg: Blog2_Post
bottom of page